Instiaden er flytta til Vonavatnet!





Ved Vonavatnet er det snø og gode forhold for ski! Difor vert Instiaden arrangert der komande laurdag den 22. februar frå kl. 10.00. Dagen vert avslutta med skifest på Instedalen skule kl. 16.00. Frie aktivitetar og konkurransar – kulekøyring, hopp, skogsløype, uvyrdslåm m.m.

10.00 – 12.00: Frie aktivitetar (kulekøyring, hopp, skøyting, skogsløype, uvyrdslåm m.m.)
Start når det passar og påmelding ved frammøte.

Von 4H har matsal ved Rødekorshytta!

12.00 – 15.30: Konkurransar
Hopp: Stil, lengde, kreativitet
Langrenn: idealtid og bestetid (klassisk)
Aking (vi har akebrett)
Kulekøyring

Det vert konkurrert i fire klassar:
1. Opp til 6 år
2. 7 – 12 år
3. 13 – 17år
4. Frå og med 18 år

16.00 “Skifest” med matsal og premieutdeling Instedalen skule.
Arrangørar: Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen, Von 4H, Instedalen Skianlegg og Instedalen Bygdekvinnelag.

Kontaktar:
Janne S. Lykkebø 95 22 47 03
Åsmund Berthelsen 93 23 70 73