Dårlege utsikter for dei gode skiturane, men...





Det er ikkje tilrådeleg å gå på Vonavatnet, og det er lite snø i terrenget kring vatnet. Såleis er det ikkje utsikter til dei gode skiturane i området. Høgare oppe er det bra med snø – så om ein vil streve seg gjennom litt lyng og myr kan ein nå i snøen!

Vegen frå parkeringsplassen ved Nes er delvis bar. Vi har sett opp eit stengsel for å hindre at folk køyrer innover mot Vonavatnet. Køyring kan øydelegge vegen.

God påske – og om sola skulle gjere ein visitt er det fint å gå innover til Vonavatnet og nyte sol og varme utan ski på beina!

For Instedalen Skianlgg

Åsmund Berthelsen