Bilder frå guida tur til Ørnefjellet 31.08.14





Søndag 31.08.14 vart det arrangert guida tur til Ørnefjellet vi Teigen og Savlandsstølen.
Magnus Sunde stilte som guid,
han har våre med og merka denne turen gjennom gruppa i bygdeutviklingsprogrammet som jobba med merking av tur stiar i Instedalen.

Vi var sju stykker som møtte opp i Teigen, og vi hadde ein fantastisk fin tur i fjellet.
Veiret var strålande så vi hadde god utsikt frå toppen.
Dette var ein lett fin tur på ca tre timar tur retur.