Novemberkafe





Er det lenge sidan du har slått av ein prat med bygdafolket?
Lurer du på kva som skjer rundt omkring?
Kunne det vore godt med kaffi og kaker, på ein søndag?
Eller kanskje ei pølse med brød?
La ungane leike, dei voksne prate og finn søndagsroen.

Instedalen krinsstyre vil med dette invitere deg og dei andre til

NOVEMBERKAFÉINSTEDALEN SKULE SØNDAG 23. NOVEMBER 15.00

  • I kaféen får du kjøpe kaffi og kaker, pølse og brød.
  • Vi held åresal (lodd), blant premiane finn ein kasse med julebrus, røykelaks frå Naustdal, lokalbaka overraskelar MM.
  • Vegard har lova å ta med fela si.

Vi treng å sjå og prate med kvarandre

Velkommen
Instedalen krinsstyre

Om ein ynskjer å bidra med ein gevinst til gevinstbordet,
er vi takksame for det.