Kom deg ut dag med barnas turlag.





Barnas Turlag Naustdal
Søndag 1.februar 2015:

Kom-Deg-Ut-dag i Instedalen Skileikeanlegg
Oppmøte /parkering: Parkeringsplass / ved Instedalen skule.
Tid: kl.11.00-12.30
Turleiar: Siss-May Edvardsen og Ludvik Slettehaug
Tlf: 95 29 01 14 / 99 15 10 26

Bli med på KOM-DEG-UT-dag i Skileikeanlegget i Instedalen komande søndag! Flotte forhold for skileik og akebrett!
Ta med mat, drikke og varme kle for ein god ute-dag, samt ski/akebrett.
Viss nokon manglar ski, kan ein låne frå Utstyrsentralen.
Vi serverer nystekte lappar frå bålpanna.

For å vere med på tur er det berre å møte fram, det er inga påmelding. Har de spørsmål, ta kontakt med turleiar.
Alle born skal ha følgje med vaksne.
Ta med mat og drikke, og kanskje litt ekstra kle.
Det er ikkje krav om å vere medlem av turlaget, men ein kan melde seg inn viss ein ynskjer

til kontoret i Førde eller på internett.
For meir info sjå Barnas Turlag Naustdal på Facebook eller www.istur.no