Åsmunds skiskule 2015





Plass til fleire…..

Det er plass til fleire på skiskulen som startar om ei god veke, måndag den 5.januar kl. 17.30. Send tekstmelding til Åsmund – 93237073 eller send e-post til asmund.berthelsen@icloud.com

Vi startar måndag 5. januar!

Om snøen er på plass og løypene og bakkane klare, startar skiskulen opp rett etter nyttår,måndag den 5. januar kl. 17.30!
Det vert leik og moro i bakkane og på flatene, litt instruksjon og øving og rettleiing! Det viktigaste med skiskulen er at ungane vert glade i å vere ute på ski! Skiskulen er kvar måndag i heile januar og februar (ikkje i vinterferien) og litt ut i mars.
Skiskulen er for alle ungar frå om lag fire år og oppover.
Skiskulen er ein del av barneidretten og idrettsskulen til Tambarskjelvar! Alle som er med der skal ikkje betale. Dei som ikkje er med må betale 400,- kr for heile sesongen. Er det fleire søsken med på skiskulen får dei 50 kr i rabatt.

Påmelding med opplysning om alder og mobil/e-postadresse til Åsmund Berthelsen – asmund.berthelsen@icloud.com eller 93237073 innan onsdag 17.desember