Åsmunds skiskule 2016





Lite snø, men vi startar…..

Snøen let vente på seg, men vi startar likevel opp i dag, måndag den 4. januar kl. 17.30. Vi ser på utstyr og prøver oss på å smøre ski. Vi går og spring med stavar og ein del andre aktivitetar. Ta med hovudlykt, ski, stavar og refleksvest. Samling ved bålhuset!

Foto: Geir Laberg

Vi startar måndag 4.januar

Vi satsar på at snøen er på plass og løypene og bakkane klare i løpet av jole- og nyttårshelga – og at alt er klart til ny skiskule – måndag den 4. januar kl. 17.30

Vi inviterer alle ungar til å vere med! Det vert litt felles aktivitetar – og så kan alle leike og ha det kjekt i skeileikanlegget. Og så rettleier vi litt medan ungane driv på!

Det vert skiskule kvar måndag frå kl. 17.30 i heile januar, februar og mars! Frå nyttår til påske!

Åsmunds skiskule er ein del barneidretten/idrettsskulen til Tambarskjelvar. Dei som er med der skal ikkje betale. Dei som ikkje er med der må betale 300 kr for heile sesongen. For søsken er det 50 kr i rabatt.

Påmelding og opplysnigar om alder, mobilnr. og e-postadresse *innan fredag 18.desember*til: Åsmund Berthelsen – asmund.berthelsen@icloud.com – 93 23 70 73