Åsmunds skiskule 2013





2013

Oppstart torsdag 3. januar kl. 17.30

Som i fjor vert det skiskule i Instedalen Skianlegg kvar måndag i januar og februar og litt ut i mars. Skiskulen er mykje leik og fri aktivitet – men også m instruksjon og øving på viktige ferdigheiter.Målet med skiskulen er at ungane skal bli glade i å gå på ski og å meistre det grunnleggande!

Torsdag 3. januar kl. 17.30 startar vinterens skiskule i Instedalen skileikanlegg, både for små og store. Skiskulen er også ein del av Tambarskjelvar sin barneidrett og idrettsskule. Men open for alle!

Program for skiskule

17.30 – 18.00 Organisert fellesaktivitet/instruksjon for ungar til og med seks år. Fri eigenaktivitet for ungar 7-12 år.
18.00 – 18.30 Organisert fellesaktivitet/instruksjon for ungar 7-12 år. Fri eigenaktivitet for dei til og med seks år.
18.30 – 19.30 Fri eigenaktivitet og for for alle. Individuell rettleiing.

Påmelding innan 20. desember 2012 til:

Åsmund Berthelsen
E-post: aa-berth@online.no
Adr.: Bekkevegen 13, 6817 Naustdal
SMS: 93237073

Opplys namn, alder, e-postadresse og mobiltelefon. Då kan vi raskt sende ut om eventuelle endringar og om ver- og føreforhold.

Prisen er 300 kr pr. deltakar. Søskenrabatt på 50 kr. Betal til konto: 3705.09.00658

Dei som har betalt på barneidretten og idrettsskulen i Tambarskjelvar skal ikkje betale.

På skiskulen kan ungane lære grunnleggande skiferdighetar gjennom leik – på flate og i bakkar. Det er fellesaktivitetar, litt instruksjon og mykje eigenaktivitet. Skileikanlegget er tilrettelagt med ulike element og med ulike utfordringar.

Vinterveke – 18.-22. februar 2013

I veka frå måndag 18.februar til og med fredag 22. februar vert det tilbod om skiaktivitetar og mange andre aktivitetar i Instedalen skianlegg, frå kl. 10.00 til 15.00 kvar dag. Alle former for skiaktivitet pluss hundekøyring, hestetransport, førstehjelp og diverse friluftslivaktivitetar. Tilbodet gjeld ungar frå fire års alderen og oppover. Dei under skulealdar må ha med ein vaksen. Det vert matservering kvar dag. Pris pr. deltakar 500 kr. Søskenrabatt på 30 %.

Påmelding til

Åsmund Berthelsen,
E-post: aa-berth@online.no
93237073

Instiaden – laurdag 23. februar!

Saman med Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen skipar Instedalen skianlegg og Åsmunds skiskule til Instiaden laurdagen etter vinterveka – den 23. februar, frå kl. 10 til 15. Etter det vert det skifest på Instedalen skule – med matsal, premieutdeling og litt anna program.

På Instiaden vert det både fri aktivitet med tilbod om skiskyting, kuleløype, hopp, skogsløype, uvyrdslåm og mykje anna. Og så vert det individuelle konkurransar i hopp, langrenn, kuleløype og aking.

Meir informasjon om både vinterveke og Instiaden kjem etter kvart!

h1.2012

Skiskuleavslutning laurdag 10. mars

Vinterens skiskule vert avslutta komande laurdag den 10. mars kl. 12.30! Då blir det høve til å prøve seg i diverse øvingar! Ta også med litt mat. Skiskulen ordnar også med litt.
Avslutninga gjeld også dei som har vore med på barneidretten og idrettsskulen.

Torsdag 5. januar kl. 17.30 startar vinterens skiskule i Instedalen skileikanlegg, både for små og store. I januar og februar vert det skiskule kvar måndag frå kl. 17.30. Vi startar med dei minste og held fram med dei litt eldre, og vi avsluttar med dei eldste. I vinter er skiskulen slege saman med barnediretten i (2-6 år)/idrettsskulen (7-12 år)i Tambarskjelvar.

Program for skiskulen:

17.30 – 18.00 Organisert aktivitet/instruksjon for ungar til og med seks år.Eigenaktivitet for ungar 7-12 år.
18.00 – 18.30 Organisert aktivitet/instruksjon for ungar 7-12 år. Eigenaktivitet for dei til og med seks år.
18.30 – 19.00 Eigenaktivitet for for alle som vil!
19.00 – 20.00 Skiskule og trening for ungdom og vaksne!!!

Påmelding innan *30.desember 2011*til:

Åsmund Berthelsen
E-post: aa-berth@online.no
Adr.: Bekkevegen 13, 6817 Naustdal
SMS: 93237073

Opplys namn, alder, e-postadresse og mobiltelefon. Då kan vi raskt sende ut om eventuelle endringar og om ver- og føreforhold.

Prisen er 300 kr pr. deltakar. Søskenrabatt på 50 kr. Betal til konto: 3705.09.00658

Dei som har betalt på barneidretten og idrettsskulen skal ikkje betale.

På skiskulen kan ungane lære grunnleggande skiferdighetar gjennom leik – på flate og i bakkar. Det er fellesaktivitetar, litt instruksjon og mykje eigenaktivitet. Skileikanlegget er tilrettelagt med ulike element og med ulike utfordringar.

Stikk innom skiskule

Eit par laurdagar vil vi prøve såkalla “stikk innom skiskule”. Då kan alle som har lyst til å gå på ski kome og vere med.

Instiaden

Laurdag den 25. februar vil Instiaden på nytt bli arrangert. Det vert ein dag med mange og varierte aktivitetar på ski, både på flate og i bakkar.

Velkommen til ein ny skivinter i Instedalen!!!

Beste helsing

Åsmunds Berthelsen