Daglege oppdateringar





Laurdag 25.januar: Ny vinterveke!

Snøen let vente på seg, men vi satsar på at den kjem! Difor har vi planlagt vinterveke for ungar i vinterferieveka, 17.-21.februar. Opplegget vert mykje som i fjor, med program heile dagen og med både organiserte og frie aktivitetar! Aktivitetar både med og utan ski på beina! Vi prøver også å få med nokon som kan vise og instruere i bruk av snøbrett! Vinterveka er for alle ungar frå 1. klasse og oppover. Men det er også ope for dei under skulealder om dei har med seg ein vaksen. Ungane kan vere med heile veka eller ein dag eller to.

Påmelding innan 3. februar til: Åsmund Berthelsen – asmund.berthelsen@icloud.com – 93237073

Dagen etter avslutta vinterveke vert det ny Instiade – laurdag den 22. februar!

Onsdag 4. desember: No er snøen her!

Så er snoen her! Vi startar å preparere på fredag, fyrst til Vonavatnet og sidan i skianlegget. Det har vore vått ei stund, og det er lite tele. Difor treng vi ein del snø før utstyret flyt! No er vi snart i gang med ein ny sesong! Vi gler oss!

Fredag 11. oktober No vert det meir løyper!

Instedalen skianlegg har inngått avatale med alle grunneigarane om leige av grunn til skiløype! Så no startar vi arbeidet med den fem kilometer lange løypa. Den fyrste dugnaden vert i morgon, laurdag den 12. oktober frå kl. 10.00. Då gjer vi ein del ryddearbeid i skileikanlegget, lagar litt fleire kular, drenerer og startar med å rydde traseen for den nye løypa! Bra om folk stiller med ryddeutstyr – motorsag, øks ….

Sundag 8. april Godt skiføre!

Meldingane for dagen er gode. Og det vert meldt om godt skiføre. Så det er ingen grunn til å avslutte skisesongen! Det er er gått løyper i Vonaområdet, både innover til Longevatna og til Blåfjellet. God tur!

Fredag 6. april Flott!

Sola skin og vermeldingane for dagen er bra! Nyt dagen og siste delen av vinteren! Meir informasjon om forholda i Vonaområdet her: Vonaportalen

Torsdag 5.april No blir det bra!

Ganske bra føre i dag, og heller ikkje så dårleg ver etterkvart. I morgo fredag er det meldt bra ver, og med mykje laus snø kan det bli kjempefine forhold. Det er berre å ta seg ut, både i løyper og skileikanlegg. Veg og parkeringsplass i retning Vona er nesten fri for snø.

Tysdag 3. april

Vonavegen og parkeringsplassen vert brøyta i dag tidleg. Nysnø og nokre kuldegrader gjev gode forhold for ein tur på ski!Gode meldingar både for dagen i dag, onsdag, torsdag og fredag!

Måndag 2. april Ein del nysnø!

Både løypa til Vonavatnet og løypene i skileikanlegget er preparert! Meldingane for dei to neste dagane er gode, så påsketuren bør du ta no. Det vert meldt om å gode forhold for topptur på Sandfjelltet.

Sundag 1. april

Sjekk ver og føre i Vonaområdet ved å gå inn på Vonaportalen

Fredag 30. mars Ganske bra i helga?

Meldingane er ikkje så verst for helga og dei to fyrste dagane i påskeveka. Løypa til Vonavatnet vart køyrd tidlegare i dag.Løypa vert seinast køyrd sundag morgon. Med mykje nedbør vert løypa køyrd før det.

Det er mykje snakk om lite sno i påska, men i Naustdalsfjella er det godt med sno. Med nokre kalde grader og nysno, kan det bli bra påskeføre. God påske!

Fredag den 23. mars Flott!

Det teiknar til å bli ei flott helg, også på ski! Skileikanlegget og løypa til Vonavatnet er preparert. Det er også kulane og den minste hoppbakken i skileikanlegget. I morgo er de sesongavslutning med lagsmeisterskap og karusellrenn i klassisk stil. Nytt den flotte helga til skitur! Det er ikkje sikkert det vert slikt ver i påska!

Kular og portallåm og Sandfjellet i bakgrunnen.

Kular, hoppbakke og bålhus.

Bileta er teke fredag ettermiddag. Det er meldt same veret laurdag!

Torsdag 22. mars Vert ei fin helg!

Yr.no melder om strålande sol og blå himmel både fredag og laurdag. Også ganske bra på sundag. Det kan bli fine vårskiturar i helga! Løypa til Vonavatnet vert preparert i løpet av fredagen. Skileikanlegget vert preparert litt seint på fredag.

Laurdag 17.mars Greitt føre!

Veret vart dårlegare utover dagen, men heilt greitt skiføre, både i og utanfor løype. Men ikkje så mykje folk å sjå. Meldingane for morgondagen er ikkje dei beste. Men er du tidleg oppe kan du få ein tur utan nedbør, skal vi tru yr.no. Men neste helg er det meldt skyfri himmel og sol! Eit slag førpåskever-

Laurdag 17. mars Ein fin dag!

Varmt i veret, blå himmel og godt skiføre! Det er no berre å kome seg. Vi har køyrd løypa i skileikanlegget der forholda elles også er bra for å leike seg på ski, både bortover, oppover og nedover! Det er bart på vegen til Vona og det er greitt å parkere. Løypa inn til vatnet er ikkje køyrd i det siste. Men det er passe mjukt til å gå på ski.Ha ein god laurdag og ei god helg!

Fredag 16.mars Ikkje så verst!

Meldingane for laurdagen er ikkje så verst, til og med delar av ei sol i på yr.no. Det er godt å gå på ski både der vi har preparert og utafor. Vi vurderer å preparere løype i skileikanlegget i morgon tidleg. Det går fin å gå og renne der, men sjølve løypa er ikkje så god. Ha ei god skihelg! Fint å gå på ski no når vegen er på veg, spesielt lys, gode temeparaturar og passe mjuk snø!

Laurdag 10.mars Betre utover dagen

Yr.no melder om betre ver utover dagen. Dei lovar sol etter kl. 12. Så skiskuleavslutninga går som planlagt frå kl. 12.30. Karusellrenn i fristil frå kl. 14.30. Påmelding frå kl.14.00. Skileikanlegget vert preparert no kl. 10.
Parkeringsplassen ved Vonavegen og vegen opp er bar. Det går fint å gå på ski inn til vatnet.

Torsdag 8. mars Mykje regn!

I morgon fredag er det meldt store mengder med nedbør – som regn også inst i Naustedalen. Difor avventar vi med å preparere skileikanlegg og løyper. Også for laurdag er meldingane dårlege. Men det kan no bli betre enn meldt! Planen er å ha avslutning av skiskulen og karusellrenn komande laurdag.

Fredag 2. mars Sola skin!!

Løyper og bakkar vert preparert i føremiddag – både til Vonavatnet og i skileikanlegget. Alt er klart til ei fin skihelg! Vegen til p-plassen ved Vonavegen er nesten bar. Og vi har brøyta opp større plass. Turløypa ved skileikanlegget vert køyrd med skuter i kveld eller i morgo tidleg.
Ha ei god skihelg – og så går det mot vår!

Måndag den 27. februar Ganske bra

Temperaturen er god, og det er mindre nedbør enn meldt. Så det kan bli ganske bra forhold på skiskulen i ettermiddag. Vi startar som vanleg kl. 17.30. Etter planen er det siste gongen for barneidretten, men dei kan også kome neste måndag, den 5. mars! Og så vert det skiskuleavslutning laurdag den 10. mars – for både som har vore med og for dei som berre vil stikken innom. Vi startar kl. 12.30 og held på til karusellrennet startar kl. 14.30. Etter som vi tek avslutninga laurdag vert det ikkje skiskule måndag den 12. mars.

Laurdag den 25. februar Ein superdag!

Det har vore ein superdag i Instedalen skianlegg, med masse ungar og vaksne i full aktivitet. Instiaden vart på nytt arrangert med svært god deltaking – og uveret hadde teke helg. Så sola var til og med framme.
Også i morgon er det meldt bra vinterver. Løypa til Vonavatnet vert preparert sundag morgon. Veg og parkeringsplass vert brøyta i kveld. Løypene i skileikanlegget vert køyrd opp litt ut på føremiddagen sundag. Og kl. 14.00 er det nytt karusellrenn. Denne gongen i klassisk stil.

Fredag den 24. februar Helga kan bli bra!

Skianlegget vart preparert i går kveld, i regnver. Trass veret er det ganske bra å renne i bakkane. Litt vanskelegare å lage gode løyper. I kveld og tidleg i morgon vert skileikanlegget preparert til Instiaden som startar kl. 11.00. Løypa til Vonavatnet vert preparert i løpet av dagen. Og meldingane for både laurdag og sundag tyder på at det kan verte ei bra skihelg – i Instedalen er det både skileik (laurdag) og karusellrenn (sundag). Bruk helga i ute!

Tysdag 21. februar Ein fin dag!

Det ser ut til å bli ein bra dag – for dei som vil på ski. Vegen til Vona-parkeringa vart brøyta i går kveld og skal vere bra. Skileikanlegg vert preparert, og det same vert løype til Vonavatnet. God tur!
kisundag står for tur. Skileikanlegget er preparert. Vegen til p-plass ved Vonavegen vart brøyta tidlegare i kveld.

Laurdag 18. februar Ein skisundag til!

Meldingar og føre ser ut til å bli i morgon. Så ein ny, fin sh1. Laurdag 18. februar Nedbør, men…..

Veg og parkeringsplass til Vonavatnet vart brøyta i natt. Det er meldt ein del nedbør, fyrst regn og slutt og sidan snø. Så det er gode forhold for ski også denne helga. Skileikanlegget vert preparert i føremiddag.
På komande måndag vert det ikkje skiskule! Vi satsar på Instiaden på laurdag den 25. februar! Frå kl. 11.00!

Fredag 17. februar Litt dårlege utsikter

Det har kome ein god del nysnø i Instedalen. Og også der er det overgang til regn. Skileikanlegget og løypa til Vonavatnet er preparert. På grunn av stort snøfall er det litt vanskeleg å halde vegen opp til p-plassen ved Vonavegen godt brøyta heile tida. Skileikanlegget elles vert preparert laurdag føremiddag.
Det er ikkje særleg gode meldingar for vinterferien som no er innleia. Men det er mogleg å gå på ski også om det er litt regn! Vi prøver å halde veg og løyper oppe så godt det let seg gjere.

Laurdag 11. februar Kan bli ein bra sundag!

Det har kome nysnø og meldingane går på eit par kalde grader i morgon sundag. Så det kan bli bra. Skileikanlegget og løypene til Vonavatnet og inn Gardalen vert preparert i morgon tidleg. Ha ei god skihelg i Instedalen!

Fredag 10. februar Brukande ver og føre

Denne veka har forholda vore topp, både i og utanfor løyper. Håpar mange fekk seg ein skitur i fullmåne! Ein tur i Gardalen tysdag tysdag var toppen denne veka! Løyper og skileikanlegg vert køyrd i løpet av dagen og vert preparert etter behov i helga. Det er meldt ein del nedbør og temperaturen skal ligg litt på minussida. Karusellrenn i fristil i morgo laurdag. Skiskule på måndag som kjem.

Sundag 5. februar Mange kom seg ut!

Karusellrenn på laurdag og Kom deg ut dag på sundag. Godt vinterver, eit par kaldegrader og godt føre. Stor aktivitet i skileikanlegget både laurdag og sundag. Her er eit par glimt. Og meir snø har det kome og utsiktene for veka som kjem er gode! Skiskule som vanleg på måndag frå 17.30.


Fredag 3. februar Kan ikkje bli betre!

No kan ikkje forholda for ski verte betre. To tre kalde grader og nysnø. Ein kan gå på ski over alt, både i løyper og i laussnøen. Så bruk helga til ski, om du kan. Løypa til Vonavatnet er preparert. Det same er skileikanlegget. Og turløypa på fem kilometer ved skileikanlegget er også køyrd opp. Karusellrenn på laurdag og Kom deg ut dag sundag.

Frå ein av dei flotte vinterdagane i fjor vinter. Kan bli like bra i helga!

Torsdag 2. februar Gode utsikter!

Eit lag med nysnø gjorde seg. Så no er det på nytt silkeføre i skogen og på fjellet. Løypa til Vonavatnet og i skileikanlegget vert preparert fredag ettermiddag. Og etter behov i helga. Turløypa på kring 5 km kring skileikanlegget vil også verte køyrd opp med skuter. Laurdag er det nytt karusellrenn i klassisk stil denne gongen. Og på sundag har Barnas Turlag Kom deg ut-dagen! Så med ny snø og nokre kaldegrader i sikte er det berre å sette av nokre timar for uteliv i helga!

Sundag den 29. januar Strålande!

Ein ny strålande skisundag og bra med folk både på Vona og i skileikanlegget. Og meldingane er gode minst ei veke framover! Ganske bra å gå både i og utanfor løype. Men med så mykje vind i det siste er det lite styresnø utanfor løypa. Ny skiskule i morgon ettermiddag.

Mellom Nes og Vonavatnet sundag ettermiddag.

Fredag 27. januar God helg og god tur!

Skileikanlegg og løype til Vonavatnet vert preparert i dag. Laurdag preparerer vi løype frå Svorstøl og innover Gardalen. God helg og god skitur! Ta kontakt om det er problem med parkering eller anna de meiner vi kan gjere betre. Mobil til Åsmund Berthelsen – 93237073

Torsdag den 26. januar Gode meldingar for helga!

Det er gode meldingar for ver og temperatur komande helg. Så etter at den verste vinden har gjeve seg ser forholda ut til å bli svært gode for skigåing. Vi brøytar opp større parkeringsplass ved Vonavegen slik at fleire får plass enn sist helg. Løype til Vonavatnet vert klart til helga, og det same vert løype og bakkar i skileikanlegget. Vi har køyrd opp turløype på 5 km med skuter ved skileikanlegget.

Måndag 23. januar Ideelle forhold

Forholda var heilt ideelle under kveldens skileik med eit par kalde grader, preparerte løyper og bakkar og mange ungar. Det er meldt meir snø og kalde grader. Og mot helga er det meldt skikkeleg bra vinterver. Ved Vonavegen skal vi brøyte opp større parkeringsplass, så dei som ikkje får plass andre stader, kan ta turen til Instedalen og Vonaområdet! Ved skileikanlegget er det også som regel plass til fleire.

Sundag 22. januar Det var den dagen!

Sol, kalde grader og god snø! Det vart den dagen på ski, med mykje folk i skileikanlegget, full parkeringsplass ved Vonavegen og mykje blide folk!
Og så er det meldt kalde grader og bra ver i fleire dagar framover! Velkommen til skiskule i morgo kl. 17.30! Vi lovar å ha fleire parkeringsplassar ved Vonavegen til neste helg!
Fimlandsstølane og Vonavatnet På veg heimover og snart på parkeringsplassen ved Vonavegen.

Laurdag 21. januar

Karusellrennn Den blå timen!

Laurdag den 21. januar Supre forhold!

Det er litt snø lufta, men temperaturen er perfekt og snøforholda dei same. Bruk dei preparerte løypene eller gå i terrenget. Nysnøen har lagt seg oppå eit skarelag, så det ber godt både bortover,oppover og nedover! Vi har køyrd skuterspor i ei løype på 5 km kring skileikanlegget. Løypa er for litt breiare ski (turlangrenn eller breiare) og i somme parti litt ufordrande. Løypa er både stor- og småkuppert. Du får brukt heile kroppen.

Fredag den 20. januar Det vert bra!!

Det er meldt kalde grader og opphaldsver i helga. Med ein god del nysnø kjem forholda til å verte svært bra. Skileikanlegg og løype til Vona vert preparert fredag ettermiddag. I løpet av fredagen vert også turløypa ved skileikanlegget køyrd med skuter og sporleggar. Det er ikkje nokon grunn til ikkje å ta seg ein skitur på laurdag eller sundag. Laurdag er det nytt karusellrenn i friteknikk.Påmelding kl.14 og start kl. 14.30. God helg!

Sundag 15.januar Greie forhold

Det er greie forhold for å gå på ski. Løyper og kular er preparert i skileikanlegget. Turløypa er berre grovpreparert, men kan gåast med turskip. I dag er det også preparert løype frå Svorstøl og innover i Gardalen.
Skiskulen går som planlagt i morgo måndag frå kl. 17.30. Og på onsdag kjem det på plass eit toalett i skileikanlegget.

Sundag 15. januar Litt nysnø

Det har kome litt nysnø. Temperaturen er på plussida og forholda er gode. Det er berre å bruke sundagen ute, sjølv om det er litt yr i lufta. God sundag!

Laurdag 14. januar Meir og lengre løype

I dag har vi grovpreparert ei fem kilometer turløype med start og mål i skileikanlegget. Det er mogleg å gå løypa, men det skal køyrast meir der og lagast spor med sporsettar. Løypa vert mykje lik dei vi kjenner frå 60-70- og 80-talet. Meir varierte og meir utfordrande enn moderne løyper. Under ser vi gjengen som arbeidde på laurdag. Frå venstre Jan Herstad, Arne Ommedal, Thomas Solheim, Jørn Helgheim og Ståle Fimland. Fotograf: Åsmund Berthelsen.

Fredag 13.januar Gode utsikter!

Det er utsikter til bra ver både laurdag og sundag. Og det er godt med snø. Skileikanlegg og løype til Vonavatnet vert preparert fredag. Ha ei god helg og god skiaktivitet!

Tysdag 10.januar Ein ny fin skikveld

Også denne gongen var vet skiskule i vinterver, med gode bakkar og løyper. Og masse ungar som boltra seg i bakkane og løypene.Etter litt mildver og regn er det meldt om meir snø. Så det lyst ut for ei ny helg med gode forhold for ski. Vi prøver å få opp skuterløypene ved skileikanlegget på 3 og 5 km til helga.

Sundag 8. januar Mange ute!

Det vart som meldt, ein del kalde grader og fine forhold for ski. Og mange nytta høve på dagen då også sola viste seg fram. Meldingane for veka som kjem er ikkje så bra, men om det vert som meldt går skiskulen som planlagt i morgon ettermiddag frå kl. 17.30. Det vert også felles langrennstrening for ungar og ungdom frå 10-12 år og oppover og vaksne frå kl. 19.00.

Laurdag 7. januar I morgo er dagen for ski!

Det har kome bra med snø, og det er meldt kalde grader. Løyper og anlegg vert preparert i morgo føremiddag, både til Vona og i skileikanlegget. God tur! Og god søndag!

public/images/Sesongen 2011-12/8.1.12/IMGP0539.jpg

Fredag 6. januar Bruk helga til å gå på ski!

Det er topp forhold for skigåing! Både i skileikanlegget og i terrenget. Løypa til Vonavatnet vart preparert i kveld. I skileikanlegget vert det preparert på nytt i morgon føremiddag. Vermeldingane for helga er ganske bra, så nytt helga til skigåing! Neste veke er utsiktene dårlegare.
I går var det stor aktivitet i skileikanlegget, med over 40 ungar. Det var fyrste samling for skiskulen som skal gå kvar måndag i januar og februar.

Torsdag 5.januar Velkommen til skileik!

Onsdag kom det mykje snø, og natt til torsdag kom det kalde grader. Så til skiskulen og skileiken i kveld er det supre forhold! Start kl. 17.30!

Onsdag 4. januar Forholda er bra!

Det har kome bra med nysnø i Instedalen, så løypene i skileikanlegget er preparert, og det same til Vonavatnet. I ettermiddag vert det også køyrd løype frå Svorstøl og innover mot Gardalen.
Skiskulen og barneidretten/idrettsskulen går som planlagt frå kl. 17.30 i morgon torsdag.

Måndag 2. januar

Det er framleis litt snø, og så ser det ut til å bli litt meir i løpet av morgodagen. Så det ser ut til at skiskulen/barneidretten kan starte som planlagt i skileikanlegget på torsdag kl. 17.30.

Veg og løype til Vonavatnet er også brukande.

Laurdag har Tambarskjelvar nytt karusellrenn som skal gå i klassisk stil.

Onsdag 28.12.

Både vind og væte har gjort at vi ikkje har gjort noko med løypene. Mykje av snøen er også borte. Men meldingane er ikkje så verst, så det er håp om skiføre på nyåret! På vegen til Vonavatnet har det vore vanskeleg å kome fram på grunn av fleire rotvelter.

Tysdag 20.12. kl. 10.20

Løypa til Vonavatnet er preparert. Vegen og delar av parkeringsplassen er brøyta. Skileikanlegget vert preparert i ettermiddag.

Sundag 18.12. Topp forhold!

Bra med nysnø og godt preparert løyper, men lite folk å sjå. Også fint å gå utanfor løypa med nysnø oppå skaren.

Fredag 16.12. Fine forhold

Det meste av snøen har vorte liggande, så forholda er framleis fine, både i skileikanlegget og på Vonavegen. Løypene båe stadene vert preparert i kveld eller tidleg i morgon tidleg. Fredag kveld var det litt hardt, men med preparering og kanhende litt meir snø vert det fine forhold. Fredag ettermiddag var temperaturen kring minus 3 grader inst i dalen.

Måndag 12.12. Litt regn

I dag har det regna litt, men mogleg å gå på ski. Men ikkje det beste veret. Håpar det kjem seg ut i veka.

Sundag 11.12. Fine forhold!

Det var fine forhold og stor aktivitet då det fyrste karusellrennet gjekk av stabelen på sundag. Det hadde kome litt snø oppå det hardpakka underlaget. Det var dei same forholda på vegen inn til Vonavatnet.

Laurdag 10.12.11 Preparert!

Skileikanlegget vart preparert på laurdag. Løypene er køyrd og bakkar og kular trakka. Det er litt væte i delar av anlegget, men med nokre kalde grader og litt snø så blir det bra! Første karusellrenn i morgo sundag kl. 14.00.

Torsdag 8.12. Det går an å gå!

I dag vart det preparert i skileikanlegget. Det er mjukt, men vi har fått pakka saman snø og laga løype. Så håpar vi på litt kalde grader og litt meir snø før helga. Til Vonavatnet er det flott løype!!

Frå skileikanlegget torsdag føremiddag. Foto: Åsmund Berthelsen

Tysdag 6.12. Klar til bruk!

Både veg og parkeringsplass mot Vonavatnet vart brøyta måndag – og løype preparert. Fine forhold.

Måndag 5.12. Meir snø og løyper

No er det køyrd løype frå parkeringsplassen ved Nes til Vonavatnet. Flotte forhold. Vi har også køyrd løype i skileikanlegget. Det er mogleg å gå på ski, men med mykje vatn i grunnen treng vi ein del kalde grader for å få fine løyper.

Sundag 4.12.Den fyrste skituren

På veg mot Vonavatnet sundag den 4. desember 2012. Foto: Åsmund Berthelsen

Og så måtte vi nokre dagar inn i desember før det kom skikkeleg snø og vi kunne ta den fyrste skituren. På søndag var de fint å gå frå parkeringsplassen og inn til Vonavatnet. I morgo måndag vert det preparert løype. Og når det no er meldt meir snø og kalde grader ei veke framover kan det bli bra forhold for nokre førjulsturar på ski. I skianlegget er det litt mindre snø og det er blaut, så der må vi prøve å lage ein sole med skuter før vi preparerer. Men det kan sjå ut til at det fyrste karusellrennet til Tambarskjelvar kan gå som planlagt neste sundag, den 11. desember.