Om Instedalen





Instedalen er den inste av 3 krinsar i Naustedalen, det vil sei området frå Styggelia og så langt austover som kommunegrensa går. Vi grensar mot Kommunane Førde, Jølster og Gloppen. Vi er ei jordbruksbygd med ca 200 inbyggarar, men med sterk nedgang i talet aktive bønder. Få av bruka gir nok utkomme til og leve av, derfor har mange arbeid utanom, foreksempel i Naustdal sentrum, Førde eller Florø. Køyreavstand til Naustdal sentrum er ca 20 min, ca 35 min til Førde og ca 50 min til Florø.

Noko av det spesielle med Instedalen, er at delar av tilhørande utmark- og fjellområde ligg i Naustdal-Gjengedal landskapsverneområdet. Naustdal- Gjengedal var verna i 2009 og har sett ein standar for bruk av området. Samstundes er klassifiseringa som landskapsverneområdet eit prov på at dette området har heilt spsielle naturgitte eigenskapar. Her finn vi fleire fjell(opp til 1390 moh) med fantastisk utsikt over store fjellvidder og trolske dalføre. Midt inne i Landskapsvernområdet ligg det ei turlagshytte “Longvasshytta”, som er eit naturleg knytepunkt for fleire fine turar. Frå Vona gjennom Gottdalen og langs Longevatnet, får ein då ein flott dagstur til denne hytta. Andre turar og arrangement er for eksempel “kulturdag på Vona” og årleg skitur “Årdal-Nes”, som er poppulær også for folk utanfor kommunen. Slike arrangement skapar sosial trivsel og får folk ut i den nydelege naturen som omringar bygda.

Sandfjellet er ein populær tur både sommar og vinter med sine 1249 moh. Vi har mangen gode fiskevatn, og ein rik viltbestand av hjort og eigen reinsdyrstamme. Instedalen er med andre ord eit unikt tur- og friluftsområdet som er lett tilgjengeleg frå alle kantar av grenda, og det finst fleire muligheiter for overfartsturar til foreksempel Hyen, Jølster og Angedalen. Trodalen er i frå gamalt av den einaste ferdselsåra mellom Instedalen og Angedalen i Førde. Denne gamle ferdselsåra kryssar grenda, og går vidare gjennom Teigamarka og Vindalen til Hyen. Det er altso mogleg og gå i fotspora til gamalt ferdafolk mellom Nordfjord og Sunnfjord.

Skulen vår vart nedlagt i 2001, og no blir det gamle skulehuset nytta som eit samlingspunkt for dalen. Her har vi aktivitetar som til dømes: Møter, Barneidrett, Dametrim, Raspekake-skjærtorsdag, 4H fest, Jonsokkefeiring, 17. mai feiring, Hjortefest, Basarar, juletrefestar og SlettemarkART. Skulehuset er vigsla for kyrkjeleg handlingar, og dar er 4 gudstenester per. år. Skulen blir leigd ut til forkjellige formål, frå barneselskap til bryllaup.
For og leige skulen tek ein kontakt med Ståle Fimland: sfim@online.no

I Instedalen har vi og eit bilvekstad Aven Auto , DTTL (Dalen tur og trimlag), Von 4H, Bygdekvinnelaget, Instedalen skianlegg, Barneidrett, Aromaterapaut, Steinbrot, Sandtak, Byggmeistrara, Røyrleggar og Catering.

Ein av dei mest markante kunstnarane i etterkrigstida var fødd og vaks opp her, Kjartan Slettemark. Det tok tid før Kjartan Slettemark kom attende som kunstnar til heimbygda. Frå og vere møtt med skepsis og motstand, nærmar fleire og fleire seg kunsten hans med spenning og interesse. I Instedalen har det dei siste 10-15 åra vore fleire kunsttilskipingar. På Instedalen skule har vi samla nokre kunstverk etter Kjartan.