Von 4H (copy)





  • Vi lovar å arbeide mot det mål å verta ein ungdom med klart hovud, varmt hjerte, flinke hender og god helse.


VON 4H:

4H er ein medlemstyrt organisasjon for unge mellom 10 – 18 år. Medlemmane velger sitt eige styre. Såleis er 4H ein god læringsarena i styre- og organisasjonsarbeid. Kvart år velger 4H medlemmane seg eit 4H proskjekt dei skal arbeide med i løpet av året. Denne oppgåva vert stilt ut på haustfesten. Ved godkjent prosjekt tildeles ein kvart år eit merke. Etter 7 år når ein toppen og mottar 4H-plaketten. Ellers er det styret og medlemmane som bestemmer kva klubben skal engasjere seg i.

Von 4H vart starta på våren i 1969, og no, 42 år seinar har mange i Instedalen gått igjennom 4H systemet med sine oppgåver, styreverv, aktivitetar, senekunst, leirliv og mykje moro. I dag er vi ein aktiv 4H klubb med 21 medlemmar og 4 vaksne klubbrådgjevarar.

Gjennom 4H året har vi styremøter og medlemsmøter. Ellers har vi “pangstart på 4H året”, arrangerer kafe og påskeverkstad for alle og einkvar, kiosk i skileikanlegget, program til 17. mai, jonsokfeiring, er med på leir, arrangerer haustfest. Det siste året har vi arbeid med å få ferdig bålhytta vår i Instedalen skileikanlegg.

Bålhytta:

Gjennom 4H sitt miljøløfte fekk vi pengestøtte til å sette opp ei bålhytte i skileikanlegget. Dette er eit sammarbeid mellom Von 4H, skileikanlegget og grunneigarar. Takka vere god dugnadsinnsats står no hytta ferdig til bruk. Vi håpar de tar turen innom og at hytta kan verte til glede for dykk alle.

Styret i Von 4H:

  • Leiar: Synne
  • Nestleiar: Sigrid
  • Kasserar: Edel Anne
  • Skrivar: Ida
  • Styremedlem: Are
  • Varamedlem:

Klubbrådgjevarar:

  • Vivian Lykkebø (klubbrådgjevar A)
  • Svein Egil Svorstøl
  • Linn Renate Fimland
  • Gudmund Eimhjellen
  • Mia Kristin Sunde

Linkar:

4H Norge
4H Sogn og Fjordane