Merking av turstiar





I løpet av den tida Instedalen har vore med i BU programmet, har vi fått merka nokre tur stiar i Instedalen.
Desse turane ynskjer vi og vise fram.
Dei som har vore involvert i merkinga vil guide turane sine til ei fastsatt tid.

Vi byrjar med turen frå Tegjen til Ørnefjellet.

Magnus Sunde vil guide denne turen, søndag 31.08.2014.
Oppmøte i Teigen (Tegjen) kl 11:00.
Turen tek ca 3 timar og det vert kaffipause på Savlandsstølen.
Dette er ein lett tur som eignar seg for barnefamiliar.
Frå Ørnefjellet har ein flott utsikt over dalen, frå Løtuft til Nes.

Viss regn vert turen utsett.

Vel møtt til ein fin tur:)