Instedalen Skianlegg





29.12.17 Flotte forhold

Forholda for skiaktivitetar kan ikkje bli betre enn dei er no ved utgangen av 2017! Vinteren har starta bra og vi inviterer alle til å nytte både skianlegg og løyper!

21.11.2017 Tidleg start

Vi er så smått i gang med skisesongen!. Snoen kom bra tidleg og vi håpar på meir og at den vert liggande. Løyper og anlegg er preparert så godt vi greier no. Også parkering er ordna. Så det er berre å ta det i bruk.

Og så håpar vi at mange kjøper sesongkort! Det kostar 500 kr. For det kan ein parkere både ved Vonavegen og i skianlegget. Sesongkortet er også ei støtte til drifta og utbygginga av anlegget. Difor håpar vi at fleire kjøper sesongkort! Det kan gje grunnlag for betre drift, lysanlegg og etter kvart prepareringsmaskin.

Betal 500 kr til Instedalen Skianlegg –

Med Vipps – nr. 11205
Med nettbank – 3705.25.36902

eller bruk betalingskonvulutt du finn både ved Vonavegen og i skianlegget.

Ha ein god vinter med von om gode forhold for ski og andre vinteraktivitetar!

Beste helsing

Åsmund – 93237073

11.2.2016 Strålande….

Så vart det litt skikkeleg vinter, men både snø og kalde grader. Skianlegget er godt preparert og fredag vert det preparert både til Vonavatnet og innover til Fosselvekråa. Så både komande helg og dei fyrste dagane av vinterferieveka er forholda lagt til rette for skiturar i Instedalen og Vonaområdet.

1.2.2016 Nok snø…

Då har vi fått nok snø – og vi preparerer skianlegget til i ettermiddag. Skiskulen går som planlagt frå kl. 17.30…

18.1.2016 Då er vi i gang….

Flotte forhold i skileikanlegget i går kveld – og masse ungar i full aktivitet! Førebels er berre den korte løypa preparert, men vi håpar å få opna fire-kilometeren også etter kvart!

27.3. Påska 2015 og Instedalen Skianlegg

Skianlegget og Vonavegen vert preparert laurdag morgon. Vi køyrer også skuterløype innover til Fosselvekråna på laurdag. Med dei meldingane som er for dei neste dagane ventar vi truleg med å preparere løyper til onsdag den 1. april. Etter det er det meldt tåleg bra ver, med lite nedbør og vind! Så det kan bli ei ganske bra skipåske! God tur!

Anlegget vert preparert, men ikkje Vonavegen

På grunn av dårlege vermeldingar vert Vonavegen og løypa til Vonavegen ikkje brøyta og preparert denne helga.
Anlegget og skiløypa vert preparert tidleg på dagen, laurdag og sundag.
Sundag er det nytt karusellrenn. Påmelding frå kl. 12.00 og start kl. 12.30. Denne gongen er det fristil.

Ein flott vinterdag!

Frå den nye løypa i skianlegget.

Utsikt på veg frå Blomsterlidalen til Vona.

Så kom det skikkeleg vinter med kalde grader og nok snø! Det var godt å gå i både løype og i laussnøen når du kom opp i 4-500 meter over havet! Pudder, kallar dei det. Og slik skal det vere ei veke framover, seier vermeldinga! Får håpe at mange har høve til å nyte det!

26.12. Kjempefine forhold…

No er det kjempefine forhold for ski i Instedalen – både i løype og utanfor. Den nye løypetraseen ved skianlegget er preparert heilt rundt og super å gå i, ca.fire kilometer. Veg og parkeringsplass ved Nes er brøyta. Løypa til Vonavatnet vert preaprert i morgon, laurdag om vi får løyst eit teknisk problem med traktor og fres. Det er god skare under laget med laus snø. God tur!

Felles årskort for skianlegget og Vonaområdet

Skisesongen er i gang, og vi håpar det vil halde fram med å vere nok snø og kalde grader!
Vi er i gang med ei større utbygging og har utvida tilbodet i skianlegget med ei rundløype på kring fire kilometer, og det er betre parkering. Når det vert trygg is på Vonavatnet planlegg vi å køyre skuterløype innover til Fosselvekråa.
For å drifte alt dette og få midlar til vidare utbygging har vi eit felles årskort for bruk av skianlegget og løypene i Vonaområdet. Prisen er 500 kr for resten av 2014 og heile 2015. Betaling til konto 3705.25.36902. Vi leverer eller sender årskortet i posten.
Dei som er med på kronerullinga for utbyggning av anlegget og betalar minst 1000 kr får årskortet på kjøpet! Same konto.

Beste helsing Åsmund

Vi satsar på snø og vinter…

Skiskulen startar opp 5. januar!

Påmelding innan 17.desember!

Om snøen er på plass og løypene og bakkane klare, startar skiskulen opp rett etter nyttår,måndag den 5. januar kl. 17.30!
Det vert leik og moro i bakkane og på flatene, litt instruksjon og øving og rettleiing! Det viktigaste med skiskulen er at ungane vert glade i å vere ute på ski! Skiskulen er kvar måndag i heile januar og februar (ikkje i vinterferien) og litt ut i mars.
Skiskulen er for alle ungar frå om lag fire år og oppover.
Skiskulen er ein del av barneidretten og idrettsskulen til Tambarskjelvar! Alle som er med der skal ikkje betale. Dei som ikkje er med må betale 400,- kr for heile sesongen. Er det fleire søsken med på skiskulen får dei 50 kr i rabatt.

Påmelding med opplysning om alder og mobil/e-postadresse til Åsmund Berthelsen – asmund.berthelsen@icloud.com eller 93237073 innan onsdag 17.desember

Ta tak for skianlegg i Naustdal!

Vi har eit bra skileikanlegg i Instedalen, men treng noko meir! Utbygginga er alt i gang, med lysløype på 4-5 km, klubbhus/varmestove og parkeringsområde!

Både Instedalen krins, Tambarskjelvar Idrettslag, Bygdeutviklingsprosjektet , Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Instedalen Bygdekvinnelag har løyvd pengar. Næringsfondet i kommunen har gjort det same til parkeringsområdet.
Men vi treng meir for å få til alt, og vi treng materiell og dugnadshjelp! Difor set vi gang ei kronerulling og oppmodar folk om å melde seg på dugnad!

Kronerulling går ut på at folk eller organisasjonar betalar ein sum – og så utfordrar andre om å gjere det same! Utfordringa sender du direkte til dei det gjeld eller du kan opplyse namna til oss.

Dei som betalar minst 1000 kr får også årskort for parkering både ved Vonavegen og skianlegget komande sesong, 2014 – 2015! Hugs å sende oss adresse slik at vi kan sende årskortet.

Vi håpar å få gjort så mykje med løypetraseen alt i haust at vi får ei god skiløype til vinteren! Vi satsar også på å få gjort ein del med parkeringsområdet og klubbhuset. Går alt etter planen kan vi greie å få ferdig i løpet av neste sommar! Samla kostnader for utbygginga vil vere ein stad mellom 2,5 og 3 millionar kroner. Til lysløypa og klubbhuset vil vi kunne få spelemidlar som dekker ein tredel av kostnadene.

Meir informasjon om utbygginga finn du på instedalen.no eller på facebook (Instedalen Skianlegg). Der orienterer vi også om framdrifta i arbeidet.
Betal til

Instedalen Skianlegg AS v/Åsmund Berthelsen Bankkonto: 3705.25.36902

Vil du medverke med dugnad, materiell eller anna. Send melding til:
asmund.berthelsen@icloud.com

Beste helsing

Instedalen Skianlegg AS

Åsmund Berthelsen
(leiar i styret)

93 23 70 73
asmund.berthelsen@icloud.com

Blir de med?

Laurdag 25.januar: Ny vinterveke!

Snøen let vente på seg, men vi satsar på at den kjem! Difor har vi planlagt vinterveke for ungar i vinterferieveka, 17.-21.februar. Opplegget vert mykje som i fjor, med program heile dagen og med både organiserte og frie aktivitetar! Aktivitetar både med og utan ski på beina! Vi prøver også å få med nokon som kan vise og instruere i bruk av snøbrett! Vinterveka er for alle ungar frå 1. klasse og oppover. Men det er også ope for dei under skulealder om dei har med seg ein vaksen. Ungane kan vere med heile veka eller ein dag eller to.

Påmelding innan 3. februar til: Åsmund Berthelsen – asmund.berthelsen@icloud.com – 93237073

Dagen etter avslutta vinterveke vert det ny Instiade – laurdag den 22. februar!

6.12. Det er preparert

Det vart preparert løyper i skileikanlegget fredag føremiddag og løypa på Vonavegen vart køyrt fredag ettermiddag! Bra forhold! Nytt høve til den fyrste skituren.

4.12. Så er vi i gang att!

På fyrstkomande fredag prøver vi å lage løyper, både til Vonavatnet og i skianlegget! Vi skal oppdatere når vi har prøvd.

11.10. No vert det meir løyper!

Instedalen skianlegg har inngått avatale med alle grunneigarane om leige av grunn til skiløype! Så no startar vi arbeidet med den fem kilometer lange løypa. Den fyrste dugnaden vert i morgon, laurdag den 12. oktober frå kl. 10.00. Då gjer vi ein del ryddearbeid i skileikanlegget, lagar litt fleire kular, drenerer og startar med å rydde traseen for den nye løypa! Bra om folk stiller med ryddeutstyr – motorsag, øks ….

6.4. Ikkje likevel…

Vi fekk problem med utstyret og fekk ikkje køyrd løyper som planlagt. Men det går fin å gå utanfor løyper også, no når snøen er ganske fast med eit tynt lag med styresnø oppå. God sundagstur!

6.4. Ikkje slutt….

Og så kom det endå litt meir snø! Vi preaprerer i skileikanlegget og løypa til Vonavatnet i løpet av ettermiddagen – slik at det er klart til sundag då vermeldingane er best. Dette vert siste helga vi lagar til løypene. No er det tid for å gå utanfor løyper! Og etter kvart er det vel tid for å gjere andre enn å gå på ski? Men det kan bli mange fine vårskiturar i fjellet. Ha ei god helg!

God påske – nyt vêr og føre!

Løyper og parkering kan ikkje bli betre. Og det er fint å gå utanfor løypene. Nyt det flotte vêret og den flotte naturen. Både i skileikanlegget og Vonaområdet redet berre å ta til seg. God påske!

Program for Norgeshus Skiskule

Vi er mange, men det er plass til fleire! Kontakt: Åsmund Berthelsen – 93237073

19.3. Stor skihelg i Instedalen!

Det vert mykje ski komande helg. Fredag startar Norgeshus sin skiskule på Instedalen skule. Den held fram laurdag og sundag. På laurdag er det lagsmeisterskap i klassisk stil. Og på sundag går turen Årdal – Nes. Vi satsar på å ha gode løyper både i skileikanlegget og i Vonaområdet.

15.3. Ny superhelg!

Litt nysnø, kalde grader og gode meldingar! Løype til Vonavatnet og innover i Vonaområdet vert preparert i ettermiddag. Det same vert skileikanlegget. God helg og god tur!

8.3. Superhelg

Frå Vonavatnet fredag føremiddag. Løype til Fosselvekråa.

Flotte forhold både i Vonaområdet og i skileikanlegget.

Ny skiskule

Tambarskjelvar IL arrangerar Norgeshus sin skiskule i palmehelga. Meld deg på – delar av programmet eller heile. Lær det telem arkkøyring eller betre langrennsteknikk.

5.3. Skiskuleavslutning

Komande måndag er det avslutning på Åsmunds skiskule. Etter ei økt med diverse øvingar og leik,fyrer vi opp i bålhuset, grillar pølser, drikker saft og deler ut diplomar for innsatsen gjennom vinteren.

5.3. Løyper til helga

Før helga vert det køyrt skuterløyper kring Vonavatnet og innover til Fosselvekråa (retning Gotdalen). Skileikanlegget og løype frå parkeringsplass til Vonavatnet vert preparert etter behov. Veg og parkeringsplass ved Nes er brøyta svært bra! Det er meldt kalde grader og opphald – med mykje sol ei veke framover!

1. 2.3. Ikkje så gale…

Det har kome litt våt snø. Vi preparerer i skileikanlegget no. Vi køyrer også løype til Vonavatnet, men ikkje innover i området. Vêrmemdingane er ikkje dei beste for fjellet.
h1. 1.3. Meir snø!

I ettermiddag og natt er det meldt snø i Instedalen. Vi preparerer til Vonavatnet og i skileikanlegget ved 12-tida i morgo laurdag. Vi legg også opp til å køyre skuterløype innover i Vonaområdet laurdag.

23.2. Ei kjempehelg!

Med like gode meldingar for sundagen, vert dette ei kjempehelg for alle som likar å gå eller stå på ski. Skileikanlegget er godt å bruke etter Instiaden. No er det også snuterløype innover i Vonaområdet. Veg og parkeringsplass er i god stand. Kom dykk ut!

19.2. Løyper inn i Vonaområdet

Det er no køyrd skuterløype frå Vonavatnet til Fosselvekråa. Med godt brøyta veg og parkeringsplass og preparert løype til Vonavatnet skulle alt ligge til rette for ein fin skitur. Så no må de gjere resten sjølve. Gode vermeldingar for resten av vinterferieveka!

18.2. Ski, snø og anna kjekt – heile veka!

I dag startar vinterveka i Instedalen Skianlegg! Alle dagar til og med fredag vert det skiaktivitetar, andre aktivitetar med snø, hundekøyring, litt riding kanskje – og ein skikkeleg skogstur på ski! Vi held på frå kl. 10 til 15 – og etter påmeldingane vert det over 20 kvar dag i bakkane! Tilsaman har over 30 meldt at dei kjem! Vi gler oss – og veret er ikkje så gale!

Det vert også skiskule kl. 17.30 som vanleg!

14.2. Snø – og så finver

Vonavegen og skileikanlegget vert preparert i morgon tidleg. Løyper på Vonavatnet vert køyrd måndag. Fyrst er det meldt nedbør, men frå måndag er det meldt finver.

h1.8.2 Kan ikkje bli betre…
Alt ligg til rette for ei topp vinterhelg. I helga vert det også løyper på Vonavatnet. Elles er skileikanlegget preparert. Og det er også flott ute i terrenget! Ha ei god helg – og god tur!

3.2. Kom deg ut….

I dag er det flotte forhold! Det er berre å kome seg ut. Både i skileikanlegget og i fjellet. Røde Kors fekk ikkje laga skuterspor på Vonavatnet i går. Vi ventar på litt kaldare vêr så det ikkje vert så mykje vatn i snøen. God sundag … på ski!

2.2. Endeleg….

Det vert preparert i skileikanlegget og til Vonavatnet også i dag. Til i morgon håpar vi også ha skuterløyper kring Vonavanet. Men litt vanskeleg å køyre. Og så er det fint å gå i laussnoen! Skikarusell i dag – og Kom deg ut dag – i morgon.

1.2. Ei fin skihelg…

Skileikanlegget og løypa til Vonavatnet vert preparert i kveld. I morgon er det karusellrenn i skileikanlegget eller på Reinene, påmelding frå kl. 14.00 og start kl. 14.30. Klassisk stil.
På sundag er det Kom deg ut – dag i skileikanlegget i regi av Barnas Turlag. Ulike aktivitetar og litt servering.

28.1. Gjer oss ikkje..

Vi gjer klart til skiskule også i kveld.

25.1. Vi ventar….

Det er meldt sno, så no ventar vi til det er sno å preparere. Skikarusellen går på Reinene med start kl 14.30 i morgo, laurdag den 26.

20.1. Skiskule måndag kl. 17.30

Det vert skiskule på uteområde ved Instedalen skule kl. 17.30 i morgon, måndag.

18.1. Kaldt og hardt, men det vert skikarusell

Det er kaldt og framleis hardt i skileikanlegget. Difor er skikarusellen flytta til innmarka på Reinene. Frammøte kl. 14.00 og start kl. 14.30. Køyr forbi skileikanlegget og opp til driftsbygningen på garden. Der er det snuplass og parkering. Etter planen er det fristil.

Det er grei løype inn til Vonavatnet. På vatnet kan ein bruke både skøyter og ski. Og i terrenget er det fullt mogleg å gå på ski.Litt kupert og ikkje så mykje laus snø, men eigentleg bra å gå.

13.1. Det vert skiskule på måndag!

I morgon, måndag den 14.vert det skiskule for fyrste gong i år! Skiskulen vert på uteområdet ved skulen i Instedalen. Vi startar kl. 17.30!

13.1. Fine forhold

Ved Vonavatnet er det fine forhold for både ski, skøyter og anna ein vil gjere! Preparert løype frå parkeringsplassen til vatnet. God tur!

12.1. Det går…..

Løypa til Vonavatnet frå parkeringsplassen er preparert.Flott spor. Og så er det mogleg å gå i terrenget, men hardt.
Vi prøver å gjere noko i skileikanlegget, men hardt der også. Men fotballbana ved Instedalen skule er preparert, og der går det å gå. Så det ser ut til å bli skiskule på måndag.

h1.9.1. Kuldegradene er her – og vi prøvar

Det er meldt kalde grader i mange dagar framover. Det er lite snø, men vi prøver å få lage til både løypa frå parkeringsplassen til Vonavatnet og i skileikanlegget i løpet av dagen/ettermiddagen. I skileikanlegget må vi køyre på litt snø, og det legg vi opp til å gjere komande laurdag. Så det er håp om å kunne kome seg ut på ski i helga og det er håp for skiskulen på måndag.

6.1. For lite snø og avlyst skiskule

På grunn av for lite snø må vi avlyse skiskulen i morgon, måndag. Langtidsvarselet tyder på betre forhold neste måndag. Så vi får håpe og tru på det.

3.1. Avlyst skiskule

Regnet har reist med det meste av snoen, så skiskulen måtte avlysast. Vi tek det att når det vert forhold.

2.1.: Det er løyper….

Det er køyrd løyper både til Vonavatnet og i skileikanlegget. Skiskulen går som planlagt og startar kl.17.30 i morgon torsdag. Organisert aktivitet og øving for dei minste (4 – 6 år) frå kl. 17.30 til 18.00 – og så organisert for dei over 6 år frå 18.00 til 18.30. Utanom det organiserte er det fri aktivitet – og skiskulen varer til 19.30. Når det er fri aktivitet er det individuell rettleiing.

28.12.: Bra løyper

Løypene til Vonavatnet og i skileikanlegget er køyrd og er bra!

Bra løype til Vonavatnet

Løypa frå parkeringsplassen til Vonavatnet er preaprert og i bra stand. I skileikanlegget er det litt lite sno, men vi har køyrd og sletta og håpar på meir sno.

Så er den her…

God jol og gratuelere med snoen som kjem! Vi er i gang med å preparere løypa til Vonavatnet og i skileikanlegget.

Velkommen til ny sesong!

Snøen let vente på seg, men det nærmar seg at vi kan ta fram att skia og kome oss ut i bakkar og løyper. I Instedalen er vi klare så snart det er nok snø til å lage løyper både i skileikanlegget og til Vonavatnet. I år arbeider vi med å få til løyper også i området kring Vonavatnet. Og vi har fått løyve til å køyre løype frå Vonavatnet til Fosselvekråa ein gong i veka av forvaltningsstyret for landskapsvernområdet. Men vi må også ha løyve frå grunneigarane og av kommunen.

Skiskulen der barneidretten og idrettsskulen til Tambarskjelvar inngår startar opp torsdag den 3.januar kl. 17.30. Etter det vert det skiskule kvar måndag til litt ut i mars.

I år vert det ei heil veke (vinterferien) med tilbod om skiaktivitetar og anna i skileikanlegget, for ungar frå fire år og oppover. Kvar dag frå 18. til 22. februar.

Instiaden vert arrangert laurdag den 23. februar! Set av datoen! Vi har tinga flott vinterver…..

Det er berre å starte…..

Det vart mykje, og den kom tidleg! Vi har brøyta veg og parkeringsplass ved Nes, på vegen til Vonavatnet.Løypa frå parkeringsplassen og inn til vatnet er preparert. Og veret er bra. Kan det bli betre! Ha ein god skisong!
Vi vurderer også å køyre i skeileikanlegget, men kjem attende med melding om det.

Åsmund attvald som leiar

Åsmund Berthelsen vart på årsmøte i Instedalen skianlegg attvald som leiar i styret. Gudmund Eimhjellen vart vald som nytt styremedlem etter Håkon Svoen som ikkje ynkste attval. Eimhjellen representerer Instedalen krins. Jan M. Herstad vart attvald som Naustdal kommune sin representant. Han har fått nye varamedlem med Arne Runde. Elles held styremedlemmer og varamedlemmer fram i verva sine.
I motsetnad til i 2010 gjekk skianlegget med eit underskot i 2011, på om lag 15.000 kr. I dette underskotet ligg ei avskriving på utstyr på 10.000 kr. Drifta så langt i 2012 og budsjettet syner at skianlegget kan gå med overskot att i 2012.
Instedalen skianlegg vil gjere meir for å få løyve til å køyre skuterløype frå Vonavatnet og innover til Gotdalen. Vidare er det no klart at alle grunneigarane er viljuge til å gje grunn til ei lengre langrennsløype (5km) i området ved skileikanlegget. Difor håpar ein at arbeidet kan starte i sommar. For å betre driftsgrunnlaget og få midlar til å bygge ut anlegget med langrennsløype vil skianlegget no gå meir aktivt ut for å få økonomisk støtte frå lag, organisasjonar og næringsliv.

Årsmøte 3. mai 2012

Det er kalla inn til årsmøte i Instedalen Skianlegg torsdag den 3.mai 2012 kl. 20.00 på Instedalen skule. Sjå meir under Selskapet i menyen til høgre.

Føremål og drift

Instedalen Skianlegg har som hovudføremål å legge til rette for skiaktivitet i Instedalen. Vi driv skileikanlegget på vegen mot Reinene med kular, hoppbakkar, rennebakkar og langrennsløype. Vi brøyter veg og parkeringsplass ved Nes og preparerer løype vidare innover til Vonavatnet. Og vi legg no planar for å bygge lysløyper på tre og fem kilometer med utgangspunkt i skileikanlegget.

Skileikanlegget ope for alle, både kvardagar og helgar gjennom heile vinterhalvåret, normalt frå slutten av november og ut i april månad. Anlegget er særleg tilrettelagt for ungar. Vinteren 2011-12 vil vil vi køyre med snøskuter i dei planlagde traseane for tre og fem kilometers løype. Vi oppdaterer om ver og føre kvar dag gjennom heile vinteren.

Frå skileikanlegget ved Reinene.
På veg mot Vonavatnet.

Vinteren er på veg! Og bålhuset er klart.

Skuterløype på 3-5 km også i vinter.

Vi satsar på like fine forhold til vinteren!