Referat frå folkemøte 25.10.14





BYGDEMØTE I INSTEDALEN SKULEHUS 25. SEPTEMBER KL 20.00.

I alt 22 personar møtte.

Bygdeutviklingsprogrammet har vart i tre år, hovudprosjektperioden er gått ut – og vi går no over i ein ny fase. Korleis skal arbeidet vidareførast?

BU-styret ved Janne orienterte om status i dei ulike prosjekta.

Arne Kringlen: Grend + , busetnad – tilgjengelege tomter! Tanken er at det skal gå kjapt frå ide til gjennomføring. I lag med Helle og Midtredalen får vi løyvd litt pengar frå fylkeskommunen. Areal er til vurdering no, kommunen ser på det, er det greitt å gå vidare med desse tomtene? Klargjering om at det ikkje fins heftelsar (som raudlista, gravhaugar og liknande).

BUDSJETTSTATUS.(Arne)
Det er alltid ein del prosjekt som ikkje vert gjennomførde i BU programmet. Nokre postar er nesten brukt opp, på andre står heile summen. Men positivt at ein i alle fall har pengane, slik at ein kan arbeide vidare med dei ulike sakene.

Grendene må alltid jobbe med utvikling. Gjenståande midlar er ikkje nok til å dekke heile prosjekt, men er tenkt til forprosjekt / komme i gang.

SPØRSMÅL / GRUPPEARBEID:

1. Kva skal vi prioritere framover, eksisterande tiltaksliste? Nye prosjekt?.

• Informasjon – oppgradere kommunikasjonen – sende sms varsling når det skjer ting som må gjerast kjent.
• Sjå meir på næring – jfr LANDSKAPSVERNOMRÅDE. Eit unikt område for guida turar! Der er og ein god del pengar å hente der! Bruke utmarkslaget? Dei har sagt at dei ikkje skal drive næring – men kvar enkelt grunneigar kan drive næring – og utmarkslaget kan hjelpe til.
• Strengebrua vil opne opp for mykje anna!
• Bruke skileikanlegget også om sommaren – klatrepark 
• Fullføre dei prosjekta som ein har begynt på
• Eksisterande liste er bra, forsterke næringsutvikling. LVO.

2. Kva er dei 3 viktigaste prosjekt å prioritere

• Utvikle skileikanlegget, utvide med klatrepark
• Rydding av ferdselsårer/turstiar
• Instiaden
LVO . -Mogleg å skaffe midlar her!
• Slettemark – Strengebru– Kulturløype – Fordi kunstnaren har sett Naustdal og Instedalen på kartet. Mogleg å skaffe midlar gjennom kunst!
• Trimrom – ynskje om faste treningstider med instruktør / rettleiar 
• Tomter / hus så vi kan bli fleire, vi treng meir folk! Sal og utleige, nytt blod, pluss det gamle! Grend + er ein god start. Vi treng også at folk ikkje flyttar UT! T.d. viktig at alle vegar er godt brøytte i snøvintrar!
• Næring / trivsel.

3. Korleis lykkast med prosjekta vi prioriterer?

• Jobbe med prosjekt, ikkje gje opp, utvide (kan til dømes ta meir betalt for vinterveka enn vi tek no!) Leirskule?
LVO – guida turar -> næring  NB! Telefondekning!
• Pengar må til!
• Dugnad. NB: Heiagjeng! Applaudere, Klapp på skuldra – gje eldsjelene energi! Dei som interesserer seg for ei sak, kan melde seg frivillig til å vere med, ikkje sit og vent til du blir spurt dersom du brenn for noko!
• Satse på både unge og eldre i styre og arbeidsgrupper – tverrsnitt i befolkninga!
• Eldsjeler: kva gjev energi? Kvifor er vi med? Fordi vi trur det er viktig! Fordi vi likar det – naturleg eigeninteresse, sosialt, moro, kjekt å få til noko  då treng vi meir folk, og pengar, og heiagjeng.
• Informasjon – på heimesida, lapp i postkasse, arrangere søndagskafe, så folk kjem saman og får diskutere saker og ting.
• Unne naboen å lukkast!
• Gje naboar idear om kva dei kan gjere for å utnytte… forbetre… -tore å legge seg borti andre sine saker, uten at dei skal bli fornærma 

4. Korleis organisere arbeidet vidare, og forvalte dei midlane som er blitt tildelt.

• Det bør framleis vere eit eige styre for bygdeutvikling. (Krinsstyret har nok oppgåver å ta seg av). Ein kan så dele inn i undergrupper, og jobbe med ulike ansvarsområde.
• Krinsstyret får ansvar for å organisere eit nytt styre.
• Eksisterande styre held fram ut året. Nytt styre frå 2015.
• Konklusjon: Vidareføre arbeidet med eitt styre med undergrupper! Denne organiseringa stiller bygda seg bak!

(Det kom opp eit spørsmål om ei evt. Løna stilling som kan ha administrativt ansvar / ha oversikt over t.d. kva for hus kan leigast ut osv – jfr Luster kommune. Kunne vi få til noko slikt i Naustdal?)

Prosjekta som fekk mest oppslutnad:
1. LVO – næringsutvikling. Tur, strengebru, kulturløype.
2. Skileik – utvikling. Trimrom. Instiade m/vinterveke. Turstiar. Ferdsel.
3. Bustad – tilflytting.

Møtet slutt kl 22.00.