Utbygging av skianlegget





Her finn de aktuelt stoff om utbygginga av skianlegget, bygging av løypetrase, klubbhus og parkeringsområde.

7.september 2014

Løypetraseen er grovplanert. I komande veke vil det bli gjort ein del meir arbeid, med drenering og bearbeiding av traseen på nokre stader.

7.desember 2014

No er det gjort mykje dreneringsarbeid i løypetraseen og parkeringsforholda er mykje utbetra. Det har kome litt snø, men for lite til å lage løyper!